Vi elskar vinteren!
Endeleg har vi fått litt snø - dette har vi venta lenge på. Barna er raske i garderoben no, alle vil ut med det same - helst først. Ein dag var snøen så kram. Det var lett å rulle store snøballar som vart kjempetunge å rulle på. Barna samarbeida godt. Det som var for tungt åleine, vart lettare å gjere saman med fleire. Snøballane vart til slutt ein snøborg, eit klatretårn og eit stupebrett. Vi får nyte snøen no fram til varmegradene kjem ;) ( ps: no er det lagt inn fleire bilde på album)