Vår visjon

Ein skapande musisk møteplass.

 

I Nordstranda barnehage ønskjer vi at barnet skal få oppleve seg sjølv som eit skapande og uttrykkande menneske i møte med andre. Difor legg vi særleg til rette for bruk av musikk, drama og forteljing. Dette er verktøy vi brukar for å gje barn høve til å ta i mot, oppleve og reflektere over både sitt eige og andre sine uttrykk.  

Nyare forsking framhev skapande musisk aktivitet (for oss drama, musikk og forteljing) som viktig for utvikling av språk, sosial og emosjonell kompetanse og motoriske ferdigheiter. Colwin Trevarten og Daniel Stern er i si forsking på spedbarns opptekne av korleis det musiske stimulerer samspel og dermed språkutviklinga. Dei framhevar dei musiske elementa i spedbarn sin kommunikasjon og den tidlege dialogen mellom mor og barn.

Frå fødselen uttrykkjer spedbarnet seg med eit samansett kroppsuttrykk, samt gjennom lyd og rørsler. Barnet utviklar sine musiske evne i relasjon med andre som kan speile og bekrefte barnet. Ved at barnet får bekrefta og anerkjent sitt uttrykk og sine kjensler, vil det utvikle seg både sosialt, emosjonelt og musisk. Dette vil kunne opne for alternative måtar å uttrykke seg på.

Samspelet mellom barnet og den vaksne er prega av spontanitet, imitasjon, sensitivitet, undring og evna til å vere til stade i situasjonar med heile seg. Etter kvart vil leiken og det musiske i barnet kunne uttrykkast i ulike former som kroppsuttrykk, drama, dans, forming og forteljing. For barna er det naturleg at ulike kreative uttrykk er tilstade samtidig, og i samspel med kvarandre. Denne heilskapen vil vi søkje å ta vare på.

Vi vil vidare jobbe for at barna skal bli medviten eigne opplevingar, uttrykkje opplevingar i eit skapande uttrykk, og reflektere over desse. Gjennom refleksjon og undring, vil barnet kunne utvikle ein estetisk kompetanse.

MUSIKK. I vår profilering finn vi det naturleg å leggje mest tyngde i det å jobbe med barnet sitt musikalske uttrykk. Vi gjev musikk ein bred definisjon og kan forenkla seie at musikk er lyd, uttrykk og struktur. Musikkens fem element: rytme, klangfarge, tonehøyde, harmoni og dynamikk er alle å finne i den tidlegare interaksjon mellom barnet og omverda. Barnehagen vil arbeide særleg med desse fem elementa i kommunikasjon og andre aktiviteter. Musikk får sin naturlege uttrykk også gjennom kropp, bevegelse, stemmebruk og forteljing.

Mennesket er født med å uttrykkje seg seg gjennom lyd og bevegelse. Ved hjelp av rytme, klangfarge, tonehøgde, harmoni og dynamikk, kommuniserer det nyfødte barnet og omverda med kvarandre.

Ved å byggje på desse 5 elementa, legg vi grunnlaget for barnet si utvikling fram mot musiserande menneske.  Gjennom å bruke musikken i samspel med andre, gjev vi barnet gode føresetnader for å tileigne seg ferdigheiter som kommunikasjon – språkleg og non- verbal, formidle kjensler, vise forståing for andre.

DRAMA. Drama er barnet si naturlege form i leik og i møte med andre. Sjølv om hovedtyngda i vår profilering vil liggje på musikk, vil drama også vere eit betydeleg satsingsfelt for oss. Element innafor drama ligger nært knyttet til musikk. Heilt frå den fyste bø-titt-tei leiken med små barn vil den vaksne naturleg kombinere eit dramatisk kroppsuttrykk og variasjon i stemmebruk og rytme. For oss vil det være viktig å hjelpe barna til å utvikle kroppsuttrykk, fantasi og rolleleik. Dette er uttrykksmåter som kan hjelpe barnet å bearbeide opplevelser og kjensler.

Etter kvart som det musiske barnet får utvikle seg, vil og trangen etter å kunne fantasere og fabulere frem små historier og forteljingar bli framtredande.

FORTELLJING. I barnehagen sin satsing på fortelljing er vi opptatt av at barnet skal få høyre og oppleve forteljing, andre sine forteljingar og kunne fortelje eiga historie.

Forteljinga er ein arena der barn og vaksne bidreg til vår felles kulturelle og sosiale identitet. Gjennom fortellinga og språket utforskar og bekrefter vi opplevinga, kjensler og sosial samhandling. Forteljinga skapast alltid i eit samspel mellom forteljar og tilhøyrar. Gjennom forteljinga får barnet merksemd og høve til å uttrykkje seg verbalt. Forteljing skal skapast, høyrast og gjenforteljast.

Marit Lysholm
Dagleg leiar/styrar

Marit Lysholm.     Dagleg leiar/styrar

Marit Lysholm. Dagleg leiar/styrar