IMG_6591.JPG
 

Musikk fra livets begynnelse

Kva er ein syngande barnehage?

Vi er medlem i organisasjonen «Musikk fra livets begynnelse», og gjennom denne organisasjonen har vi blitt «En syngende barnehage». Som «syngende barnehage»  får vi  tilgang til ein «sangbank» og faglege web foredrag, samt kursing av personalet.   

Kvifor er vi «ein syngande barnehage»?

Sangen og sanggleden ynskjer vi å fremme i barnehagelivet vårt. Å synge ilag, leike med - og sjølv dikte ein sang, stimulere spontansang, finne rytmen og spele på den, er gode element i å bygge relasjon og vennskap. Sangen styrke musikalitet, tilknytning og den emosjonelle utviklinga. Gjennom å synge ilag finn vi glede og samhold, og barn får utvikla ein kunnskap og ein forståing for kva eigne, og andre sine bidrag kan bety for fellesskapet. Å synge seg inn i påkledning, i å rydde leikane, inn i dei ulike overgangane som finnes i ein barnehagedag, gjer at livet glir lettare og rett og slett vert meir leikent. Songen som det  gode verktøy.

Ynskjer du å vite meir om «Syngende barnehage», kan du lese om det her: www.syngendebarnehage.no

SB_rund-logo_gronn.jpg