VEDTEKTER  FOR   STIFTINGA   NORDSTRANDA   BARNEHAGE

 

Vedtekne av stiftaren Vereide utviklingslag i møte den  28.06.01. Endring av vedtektene på styremøte i Vereide barnehage 09.03.09. Endre namn frå Vereide barnehage til Nordstranda barnehage. Endring av vedtektene vart godkjent av stiftaren i Vereide Utviklingslag 10.03.09.

 § 1.      Stiftinga sitt namn er Nordstranda barnehage. Stiftinga sitt kontor skal vere i Gloppen kommune med adresse 6823 Sandane.

§ 2.      Nordstranda barnehage sitt føremål er å drive barnehage i Vereide krins.  Stiftinga si drift skal vere økonomisk forsvarleg, men ikkje sikte mot økonomisk vinning.

§ 3.      Nordtranda barnehage er ei privat stifting. Det er ein føresetnad at drifta vert finansiert av foreldrebetaling, offentlege tilskot og eventuelle private gåver. Stiftinga sin grunnkapital skal vere kr. 100.000,- , overskytande grunnkapital skal avsetjast til annen eigenkapital. Seinar års overskot skal avsetjast til annen eigenkapital.

§ 4.      Styret  er stiftinga sitt øverste organ jmf §30 i stiftelseslova.

§ 5.      Styret skal ha 5 medlemmer, 4 valgt av foreldrerådet med to varamedlemmer og 1 valgt av og mellom dei tilsette med varamedlem.Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmer er tilstades. Styraren møter med framlegg- og uttalerett, men ikkje stemmerett. Styraren er sekretær for styret. Styret skal føre møteprotokoll. Styret tilset og avset personale. Styret representerer stiftinga utad og har ansvaret for at Nordstranda barnehage vert driven etter vedtektene.

Styret fungerer som samarbeidsutval, jfr. Lov om barnehagar § 4. 

Styret skal handsame følgjende saker:

  • Årsmelding og rekneskap

  • Budsjett

  • Handsame og fastsetje overordna retningsliner for drifta.     

  • Forvalte stiftinga og handsame og avgjere saker som etter lov eller vedtak høyre under styret sine plikter og myndighet.

 

Styret kan endre vedtektene innenfor rammene til reglene til lov om stiftingar av 2001. Vedtektsendring krev 4/5 fleirtal av dei frammøtte representantane.

§ 6.      Styret kallar inn til foreldrerådsmøte kvart år innan utgangen av april. Styret orienterar foreldreråd om stiftinga si økonomiske stilling gjennom årsrekneskap og budsjett. Foreldreråd som består av foreldre/foresatte til barn som har plass i barnehagen har ei stemme for kvart barn utan omsyn til storleik på plassen.

Foreldreråd skal :

  • Velje  representantar til styret.

  • Velje styreleiar mellom medlemene i styret.

  • Velje 2 varamedlemmer til styret.

  • Velje revisor.

  • Velje 3 medlemmer til valnemnd.

Funksjonstid for styremedlemer skal vere 2 år.

Medlemene i valnemnda vert valde for 3 år i gongen, med rullering.

                                                                                              

§ 7.      Det kan kallast inn til ekstraordinært styremøte dersom 3 foreldre, styret eller revisor krev det. Innkalling som til ordinært styremøte. Berre dei sakene som er nemnde i innkallinga, kan handsamast.

§ 8.      Styret kan meddele prokura.

 

§ 9.      Ved eventuell  oppløysing av stiftinga skal grunnkapitalen og anna eigenkapital gå til nytt eller eksisterande barnehageprosjekt eller andre tiltak  i Vereide krins.

§ 10.    Medlemmar i styret og vara medlemmar skal skrive under teieplikt på lik linje med dei tilsette i barnehagen.